Den paternalistiske og detaljrike sosialstaten som vi tidligare har hatt kjem ikkje tilbake. Det er difor spørsmål om reform, ikkje snuoperasjon. Det uheldige er at av dei to partia som viser eit potensiale for nytenking og vidareføring av ein restriktiv alkoholpolitikk i dag, er det minste av dei i posisjon og det største i opposisjon. Stort verre kan det ikkje bli.

På kort sikt vil det beste for alkoholpolitikken vere om Arbeiderpartiet kom i regjering, med til dømes Hill Marta Solberg i ei hovedrolle for den sosiale og helsepolitiske delen eller som regjeringssjef. Alternativet, at Bondevik greier å stabilisere situasjonen og dra med seg sine partnerar vidare på ein reformveg synest langt vanskeligare fordi både Venstre og Høgre i alkoholpolitiske spørsmål i all hovedsak bygger på deregulering og ein liberal næringspolitikk.

Proppen i Stortinget

Arbeiderpartiet er partiet som har tradisjon for ein sterk og aktiv sosialpolitikk og som samtidig er partiet som har gått gjennom omfattande modernisering dei siste tjue åra. Likevel er det nettopp Arbeiderpartiet som i dag er hovedårsaka til at presset på den restriktive alkoholpolitikken aukar. Mens Jagland var ute og tok eit lavendelbad, ramla proppen ut av AP's alkoholpolitikk.

Arbeidarpartiet og Sentrum har tradisjonelt stått saman om ein restriktiv politikk, men ikkje no. Det er to viktige årsaker til dette: Personskifte og opposisjon. Gro Harlem Brundtland var lege. Hennar innstilling til politikk var grunnleggjande rasjonell og streng. Ho leidde både siste fase i teknokratane sitt AP og var første leiar for eit internasjonalt, marknadsorientert og pragmatisk sosialdemokrati.

Thorbjørn Jagland er ikkje berre ein veikare leiar, men han tilhøyrer ein generasjon som har eit anna forhold til alkohol. Fokus er dessutan vridd mot arbeidslivet og inntektspolitikk, dialog (samråd), fellesskap og ideologisk retorikk retta mot KrF.

Sersjantane går lause

I opposisjon under ein slik mørbanka partileiar er det blitt større rom for sersjantane i AP. AP si gruppe i Sosialkomiteen vil no revidere den alkohollova deira eiga regjering fekk vedteke i Stortinget før valet i fjor, i ei meir liberal retning innan reklameforbodet.

Periodar med stortingsregjereri, svake mindretalsregjeringar, og store skiftingar i veljarmassane vil automatisk føre med seg eit meir populistisk klima. Det er teikn i tida som tyder på at når politikken blir for komplisert og omfattande, står parlamenta tilbake utan ressursar eller roller som kan matche regjering og statsapparatet. Tilbake står ein med symbolsakene.

AP må tilbake i posisjon. Først då vil vi kunne få parlamentarisk grunnlag for ein sterkare alkoholpolitikk. I posisjon vil departementsbyråkratiet også vere med å stramme opp politikarane. Under Jaglands regjeringstid var dessutan APs stortingsgruppe langt meir disiplinert enn ho er i dag.

Mørkemenn på grillen

Ei Jaglandregjering vil alltid kunne rekne med støtte frå KrF innan ein restriktiv alkoholpolitikk, medan KrF ikkje kan lite på det motsette. Jagland er naturlig nok ikkje interessert i å støtte regjeringa i ein restriktiv alkoholpolitikk. Her er det om å gjere å la Sentrumsregjeringa bli ståande aleine som mørkemenn. Avisdebatten i VG tidligare i år viste dette tydelig. Jagland teikna Bondevik som "mørkemann" og Bondevik blei pressa til å markere seg som meir liberal enn han er: ó Eg har mista trua på paragrafar og reglar, sa han. Ironisk nok, med ei KrF-leidd regjering blir symbolsakene rundt alkohol og familiepolitikk overfokusert.

Statsminister Solberg ?

Det vil også vere viktig kva slag regjering Jagland eventuelt vil kome tilbake med. Innan partiet er det i dag store skilnader på haldningar til alkohol. Det var trass alt sosialminister Hill Marta Solberg som la fram den nye alkohollova. Ap ønskte dessutan langt høgare alkoholavgifter enn Sentrumsregjeringa i budsjetthandsaminga i fjor haust. Men samstundes har Gunhild Øyangen, som i dag er komitéleiar i Sosialkomiteen, saman med APs alkoholpolitiske talsmann, Skogholt, i same komite, markert seg som langt meir alkoholliberale. Skogholt hevda nylig i Folket at han går inn for ein revisjon av alkohollova i meir liberal retning.

Over de høye fjelle

Det er ikkje berre på Stortinget at alkoholpolitikken i framtida blir skrudd i hop. Det viktigaste skjer faktisk på utsida.

Kropp og Helse er vår tids guddom og dette får stor politisk tyngde. Forbrukarane i dag vil ha mjuke verdiar og grønt forbruk. Fagansvarlig i Det danske forbrukarrådet seier nylig til bladet "Bonde og Småbruker" at: ó Du blir kikket på hvis du kjøper egg fra burhøns i Danmark i dag.

Det er i dag knapt noko folkerørsle som er sterkare enn forbrukarrørslene. Konsumsamfunnet ser ut til å utvikle sine krav frå kvantitet mot kvalitet. Opprøret mot kugalskap, salmonella og sprøytemiddel i mat osv., er slike døme på internasjonale stemningsbølgjer som på eit tidspunkt reduserte kjøtsalet i Tyskland med over 40 prosent under den britiske Biff-krigen.

Den dagen forbrukarane ser på alkoholen på same måte som dei ser på smørpakka, sjokoladen, biffen eller den sprøytefine broccolien - då vil fylla bli redusert. (Baksida er sjølvsagt at vi får meir "designer drugs" som ikkje skader fysikken på same måte).

Den synlige hand

Samstundes ser vi ein tendens i dag til at fri-marknadstanken møter stadig sterkare kritikk. Den finansielle krisa som rasar over alle kontinent har fått sjølv liberalistiske fyrtårn som Financial Times i London til å sette fram forslag om strengare reglar for betre kapitalkontroll. Verdas fremste valutaspekulant Georg Soros har sagt det same i lengre tid: Fellesskap og sosial stabilitet er truga av ein kapitalisme som er for blodig. Vår heimlige investorprins Øystein Stray Spetalen seier i Dagens Næringsliv nylig at børsane er enorme spillekasinoar og ikkje noko anna.

Eit klimaskifte er på veg innan den økonomiske politikken verda over. Det blir ingen retur til statsdirigisme, men kanskje får Keynes ein renessanse denne gangen på den internasjonale arena? Frie marknadskrefter har fått eit skot for baugen på same måte som statsdirigismen fekk det på syttitalet og i den tidligare austblokken.

Japp 68

Dagens alkoholliberalistar er nært knytt til ideen om deregulering og frislepp. Denne bølgja er svekka. Det er difor ikkje tilfeldig at Malaysia er det landet som både trassar Det internasjonale pengefondet (IMF) og innfører kapitalkontroll samstundes som dei stengde ute Carlsberg som hovedsponsor til Commonwealth Games i Kuala Lumpur. Liknande nye restriktive tiltak mot alkoholindustrien er på beddingen i Europa, sjølv om det er langt fram.

Denne bølgja med høgdepunkt i jappetida, fall saman med 68'arane sin dominans (får ein kalle det) i samfunnslivet. Desse hadde og har ein allergi mot forbod og moralisme som dei fann hos sin foreldregenerasjon. Begge desse frigjeringsbølgjene fall saman i tid, og reiv grunnen under den restriktive alkoholpolitikken. Sjølv om jappar og 68'arar står langt frå kvarandre politisk, har bortfallet av ideologiane ført dei nærmare kvarandre.

Fornying?

Men der er ei anna tidsånd i dag som avløysar jappar og flower-power. Cafe-kultur og minimalismen blømer, og det går mindre heimebrent i Trøndelag. Seinast opna den første Cafe (med C) i Tromsø - pub-byen nr 1 i Norge. Internasjonaliseringa fører med seg eit press mot å "oppføre seg" ­ fulle forretningsfolk frå Norge kjem ikkje langt ­ og det veit dei. Tid er blitt verdifullt, og bakrus er ikkje livskvalitet.

Der er difor tre drivande trender som naturlig kan gi rom for eit meir nyansert, nøkternt og forsiktig syn på rusmisbruk og ditto alkoholpolitikk. Sterke forbrukartrender, reform av marknadstanken, og ei slags kulturutvikling. Spørsmålet er: Kven vil i framtida ta inn over seg desse endringane og ha evne til å formulere dei i eit politisk program?