Kva er Kardemommelova?

Kademommelova seier: "Du skal ikke plage andre, du skal være grei og snill, og forøvrig kan du gjøre som du vil." Dette er blitt eit moralsk ideal folk har tatt til seg. Torbjørn Egner er kan hende etterkrigstidas framste ideolog. Han har fått skular og barnehagar og ein del organisasjonar til å framstilla Noreg som ein einaste stor Kademommeby.

Men røyndomen er ikkje slik. Politiet, til dømes, er ikkje berre "onkel Politi". Det har synt seg ved fleire høve at det óg kan vera køller og bikkjer. Dette er det viktig å avsløra.

Vi kan seia at Kardemommelova er ein samfunnsmoral og eit danningsideal. Det viktige er harmonitenkning. Berre vi er snille og greie, går alt bra! Eg ser på det norske samfunnet som eit klassesamfunn, og eit klassesamfunn gjev grunn til kritisk innstilling. Harmonimodellen dekkar til denne klasseforskjellen.

Idealet i Kardemommelova gjer folk avmektige, eller den bidrar til det. Det treng vi ikkje i dagens samfunn. Det vi treng er folk som er i stand til å handla kollektivt og forandre verda til det betre.

Det er ønskjeleg med større engasjement. Folk må vera vakne og stilla spørsmål. For å kunne slå attende og vera kritisk, er det viktig med kunnskap, innsikt, handling og endring. Det er ikkje mogleg å tala om moral utan kunnskap.

Kva gjer sangen til Anders Vassbotn til eit betre grunnlag?

Innhaldet i "Å leva det er å elska" er ein samfunnsetisk peikepinn. Det handlar om å endre verda. Folk skal få det betre, for å seia det på ein banal måte. Det menneskelege må få betre vilkår.

Bodskapen i "Å leva det er å elska" er at det ikkje berre er individet som tel. Mellom anna lina om ".. leggja all urett og lygn i grav" seier at det er naudsynt med noko disharmoni. Teksten syner at det kostar kamp å oppnå samfunnsmessige goder. Å følgja Kardemommelova er å overlata verda til kjeltringar.

Kva for rolle spelar skule og barnehage?

Grunnskolelærarar og barnehagepersonell har tatt til seg Kardemommelova. Dei er Noregs mest balanserte yrkesgrupper, og dei er altfor tolerante. Om toleranse vert rekna som eit verde i seg sjølv, kan dette verka negativt. Ein kan ikkje lausriva toleransebegrepet frå ein samfunnssamanhang. Den som gjer det, har ikkje forstått ordet rett.

Alt toleransesnakket er knytt til Kardemommelova, men vi skal ikkje tåle alt. Nynazistiske og valdelege krefter må vi stå imot. Vi treng heller ikkje godta alt som folk frå framande kulturar tek med seg når dei kjem hit som innvandrarar.

For å kunne visa eigentleg toleranse, er det naudsynt med trygg forankring i eigen kultur og demokrati. Toleranse er meir enn å godta alt. Vi høyrer til i ein kristenhumanistisk tradisjon, og denne forankringa må vera synleg.

Det er viktig å skapa debatt i humanitære og faglege organisasjonar. Dette kan verta eit dilemma for organisasjonsideologien, men det må til sjølv om ein må ofra harmonien.

Kva kan skule og barnehage gjere for å skape eit betre danningsideal?

Lærarar i skulen treng ikkje vera så redde for å provosera eller seia noko som vekkjer elevane. Foreldra treng å få høyre meir frå skulen ved middagsbordet, for provoserande utsegn frå ungane skaper engasjement. Og engasjement trengst for å oppøva ei kritisk innstilling til samfunnet.

Kva med narkoliberalisme i denne samanhangen?

Narkoliberalismen breier seg. Mange har ei forestilling om at dersom den narkomane får trygd og reine sprøyter og nok tilgang på stoff, så vil han ikkje plaga nokon, så blir det roleg. Ingen treng å bli opprørd av synet av øydelagt ungdom. Gjennom ei slik haldning blir det gjeve signalar om at det er OK å dope seg.

Men ein kan ikkje berre snakke om problema. Noko må gjerast, og ein ny politisk praksis må etablerast. Praksisen må vera å gå i rette med liberalistiske strømningar. Det er naudsynt med organisert kamp, og ein må trakke nokon på tærne. Vi har det så godt, så det vil koste oss noko av velveret å gjere noko. Vi kan ikkje kjempa mot slike krefter og på same tid halda fast ved harmoniidealet.

Kva med fråhaldsrørsla sitt engasjement?

Vi likar å sjå på fråhaldsrørsla som eit breitt konglomerat av ulike meiningar. Dette kan vi leva med, for vi trur at vi er samde i det vesentlege. Dette stemmer ikkje. Somme er nøgde med å være samde i fråhaldsidéen, medan andre knyter sitt engasjement meir til ein kulturell og samfunnsmessig samanhang.

Men berre harmoni går ikkje. Fråhaldsorganisasjonane kan ikkje berre drivast som "utredningsbyrå". Vi må vedkjenna oss motsetnadene. Det er naudsynt å peike ut eit fiendebilete, og det gjer vi ved å peike ut dei som er profitører. AL har dette med i sitt program, og punktet har vore med i to periodar. Det er viktig å sameine fråhaldssrørsla om dette.

Profitørane er ein trusel mot vårt samfunn og andre samfunn. Det er viktig å setje namn på gruppene og visa kven dei er, og desse må vi drive kamp mot. Alle må vera obs på at det er sterke økonomiske krefter i sving. Desse kan ein ikkje forhandle med eller snakke til rette. Dei må møte en vegg forma av ein opinion som er sosialt engasjert og ansvarleg. I eit slikt perspektiv er det mogleg å sameina mange både i og utanfor rørsla. Fråhaldsrørsla må byggja alliansar med dei som har same interesse, til dømes andre organisasjonar som driv oppseding av barn og ungdom.

Kva slags danningsideal skal vi velja?

Harmonimodellen må bort som danningsideal. I staden må vi få inn ein modell som lærer dei unge kritisk tenkning og evne til handling og forandring. Vi må finna ein basis for samfunnsmoral og samfunnsansvar, og her vil bodskapet i "Å leva det er å elska" vera meire verd enn Kardemommelova.