- Du var den første redaktøren i Mot Rusgift. Kan du seie litt om bakgrunnen for at bladet vart starta?
- Vi som den gongen var med i Norges Studerende Ungdoms Avholdsforbund, NSUA, det som no heiter Forbundet Mot Rusgift, ville bli meir offensive. Vi meinte vi hadde noko å kome med, vi meinte vi jobba seriøst mot rusgiftene, og vi trong ein måte å bringe tankane våre vidare. Det gjekk òg føre seg ei politisk oppvakning i mange miljø, m.a. studentmiljøa, dei krinsane der fråhaldsstudentane heldt seg. Dei som sto bak Mot Rusgift kjende at dei hadde ei ny forståing for kampen mot rusgift. Det var ikkje berre helseskadene og ulukkene som var viktig, det viktigaste var den politiske passiviseringa som rusgiftbruken førde med seg. Mykje av desse analysene hadde vi utvikla i samarbeid med SSUH, den motsvarande svenske organisasjonen. Vi hadde i tillegg og vunne kunnskap om korleis dei såg på alkoholspørsmålet i den tidlege arbeidarrørsla på 20- og 30-talet.

- Det første nummeret kom same året som EF-folkerøystinga. Korleis prega det radikale og folkelege oppsvinget rundt denne hendinga Mot Rusgift den første tida?
- Det hadde mykje å seie. Vi kjende at vi var del av noko større enn den vesle organisasjonen vår, men samstundes at vi òg hadde noko å kome med som kunne gjere dei folkelege kreftene sterkare. I første nummeret var overskrifta på eit intervju med den amerikanske fagforeiningsleiaren, Glanton Dowdell, "Kampen mot rusgiftene - del av den politiske kampen". Det kan stå som eit motto for arbeidet med Mot Rusgift den første tida. Elles var det og ein artikkel om "EF og edruskapen" i det første nummeret, naturleg nok.

- Kva var det som opptok Mot Rusgift-redaksjonen mest den første tida?
- Det var arbeidet med å få godtatt rusgiftmotstanden som eit frontavsnitt i den folkelege motstanden mot elitestyre, byråkrati og kapitalmakt. Sjølv deltok eg aktivt i Arbeiderkomiteen mot EEC og dyrtid, AKMED, men det var òg andre med som ikkje hadde den tilknyttinga. Men vi var alle innstilte på å sette tinga på spissen. Vi gjekk m.a. hardt ut mot bryggeria med påstanden om at dei dreiv legalt narkotikasal. Eg hugser vi brukte parola: "Alkohol er narkotika - flest brukarar - flest offer". På ein måte er jo det rett, kjemisk sett er alkohol eit narkotisk stoff. Det ville knapt vore ei god parole i dag. Men elles var vi opptatt av at vi i NSUA og Mot Rusgift-redaksjonen hadde fått ei ny forståing for kor viktig det var å bryte alkoholtradisjonen. Vi kjende det som vi hadde fått eit anna grunnlag for rusgiftmotstanden enn den litt individualistiske haldninga vi trudde at resten av fråhaldsrørsla hadde. Dette måtte vi få formidla til omverda. Vi trudde sterkt på bodskapen vår, og entusiasmen for arbeidet både med å lage og å spreie avisa var stor.

- Kor viktig trur du Mot Rusgift har vore for rusgiftmotstanden i Noreg gjennom dei siste 20 åra?
- Det er veldig vanskeleg å seie. I den første tida var nok Mot Rusgift ei inspirasjonskjelde for fleire andre rusgiftpolitiske ungdomsorganisasjonar. Då var bladet og ein viktig reiskap for å synleggjere rusgiftmotstanden. Etter at fråhaldsfolka hadde mura seg inne i sine eigne lokallag og foreiningar i fleire tiår, kom Mot Rusgift på gata og gjorde det populært mellom unge fråhaldsfolk å vere aktivistar og agitatorar. Men i dei siste åra har nok Mot Rusgift mista mykje av aktivistpreget. Til gjengjeld er den rusgiftfaglege sida ved bladet styrkt, og det vert idag referert til i presse og kringkasting, og er med på å utvikle ny ideologi både for rusgiftmotstandarar og folk som elles arbeider innanfor rusgiftfeltet. Eg trur Mot Rusgift idag representerer eit alternativ til stats- og profesjonsstyrt rusgiftideologi. Det er godt å sjå at bladet har sjølvtillit nok til å halde fast på sine eigne overtydingar, anten det no gjeld terminologi, metadon eller andre stridsspørsmål. Eg har og inntrykk av at Mot Rusgift idag er med på å halde liv i FMR, den organisasjonen som gir det ut, ikkje omvendt. Dette er eit viktig føremål i seg sjølv, avdi her ligg kan hende noko av kimen til rusgiftmotstanden inn i det neste hundreåret.

- Er Mot Rusgift i dag det same bladet som du eingong var med på å legge grunnen til?
- Bladet var den gongen sterkt prega av dei politiske straumdrag som rådde, og midt i verste jappe-perioden ville kanskje eit slikt blad ha verka latterleg. Men bladet har endra seg i takt med tida, utan at eg synst det har mista den samfunnsorienterte forankringa si. Det har det same namnet, same logoen som vi introduserte frå og med 1973 og er i mangt og mykje framleis eit talerør for opposisjon og motkultur. Med den politiske oppvakninga som idag skjer land og strand rundt trur eg grobotnen for Mot Rusgift og vil verte stendig betre i tida framover.

- Har du til slutt eit godt råd til redaksjonen i dag?
- Mot Rusgift har ein god bodskap. Men bladet eignar seg òg framleis til å selje på gata, ja det eignar seg betre enn før. Eg trur Mot Rusgift og FMR ville tene på å organisere gatesal og kommisjonærordningar rundt omkring i landet. Det er gjennom å få vanlege folk i tale at rusgiftmotstanden kan vekse. Eg er viss på at det finst folk som kunne tenke seg å ta eit lite antal av Mot Rusgift i kommisjon, dersom dei berre får tilbodet. 90-åra er ei ny aktivisttid. No må Mot Rusgift kome på banen att!