Dette skriver forbundsleder i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen i Dagsavisen28. mars 2004 (innlegget ligger ikke lenger i Dagsavisen på nett, red.anm.) "I sprøyteromma skal dei narkomane få setta sprøytene sine i fred, men under tilsyn av helsepersonell. Formålet er blant anna å knyta kontakt mellom dei narkomane og helsesystemet og å auka verdigheita deira. Politiets Fellesforbund er imot å etablera sprøyterom. Ikkje fordi me ikkje ser at det er naudsynt at dei narkomane får betre oppfylging av helsevesenet. Me vil ha ein meir heilheitleg narkotikapolitikk. Og som ein del av det, meinar me faktisk at det bør vurderast meir bruk av tvang ovanfor denne gruppa, nettopp for å betra helsesituasjonen deira.
Men Politiets Fellesforbund meiner at etablering av sprøyterom har så mange negative sider at det må vere andre metodar me heller kan ta i bruk for å betre kontakten mellom rusmisbrukarane og helseapparatet. For oss inneber sprøyterom at samfunnet hjelper misbrukaren til å halde fram misbruket. Det er eit klart signal om at me har gitt opp å hjelpe dei tyngste misbrukarane over i eit anna liv. Såleis har samfunnet etter vårt syn tatt det første steg på veg mot legalisering av narkotikamisbruk, dersom me tillet sprøyterom. Narkotikamisbruk har enorme negative konsekvensar i samfunnet vårt. Meir enn 700.000 personar i Noreg blir på ein eller annan måte berørd av problemet. Mykje av kriminaliteten me opplever har også samanheng med narkotikamisbruk. At samfunnet skal gje opp kampen mot eit så stort problem for så mange, aksepterar ikkje Politiets Fellesforbund. Injisering av narkotika er faktisk forbode i Noreg.
Politiet si viktigaste oppgåve i samfunnet er å hindra at folk gjer forbodne handlingar. For oss er det eit stort paradoks at samfunnet skal hjelpa ein misbrukar til å bryta lova. Noreg har også skrivi under internasjonale avtalar der me forpliktar oss til blant anna å arbeide for å avgrense bruken av alle ulovlige narkotiske stoff og gjera det straffbart å ha narkotika også når det berre er til personleg bruk. Me er samde med departementet i at denne konflikten kan løysast ved å laga ei ordning der det er lov å sette ein injeksjon inne på sprøyterommet, samstundes som den same handlinga framleis er forboden utanfor. Me tvilar ikkje på at ei slik ordning kan utformast slik at den vert juridisk haldbar. Men me er ikkje opptekne av juridiske spissfindigheitar i denne saka.
Det viktigaste er heller ikkje kva politifolk som jobbar med narkotikakriminalitet i gatene meinar om det paradokset me har påpeikt. Det aller viktigaste for oss er om folk flest oppfattar bruk av narkotiske stoff som ei lovleg eller ei ulovleg handling. Dessverre er forbundet sikre på at dersom me tillett sprøyterom, vil bruk av narkotika verta oppfatta som lovleg. Kva signal sender samfunnet til barn og unge ved å opprette ei ordning med offentleg godkjenningsstempel på ei handling me ynskjar at dei skal halde seg langt unna? Politiet og mange andre etatar jobbar mykje og godt med førebygging for å hindra at barn og unge kjem inn i misbrukarmiljøa. Korleis skal me få ungdommane til å forstå kor farleg dette er, når dei i sitt nærmiljø kan sjå at samfunnet legg til rette for at misbrukarane skal setje sprøyter? Me er også bekymra for det miljøet som vil verta rundt sprøyteromma. Sjølv om departementet understrekar at sprøyterom ikkje skal fungera som rekrutteringsarena for nye misbrukarar, meiner me at det er naivt å tru at det er mogeleg å unngå.
Det vil verta ein marknad for kjøpar og seljar i området rundt romma. Det vil også vera vanskeleg for politiet å gripa inn. Misbrukaren kan berre seia at han eller ho er på veg til sprøyterommet for å sette ei sprøyte - lovleg. Politiets Fellesforbund meinar at det finns andre løysingar enn å ta første steg på veg mot legalisering av narkotika. Det er mogeleg å finna eksempel på at tyngre stoffmisbrukarar har kome seg ut av misbruket sitt. Dei som lukkast, har fått tett oppfylging over lang tid. Me må i større grad vera viljuge til å bruka tvang overfor misbrukarane. Me må byggja opp mykje større tilbod om avrusing og rehabilitering. Me må hjelpe tidlegare misbrukare til å skaffa seg bustad og jobb. Det kostar pengar å drive førebygging. Det kostar også pengar å få narkotikasmisbrukarane vekk frå det livet dei lever. Men det er likevel billigare enn å betala dei økonomiske og personlege kostnadene eit fortsatt misbruk krev. Me reagerar også på den sterke vektlegginga av verdigheit som argument for etableringa av sprøyteromma. Me snakkar om ei handling som er forboden etter norsk lov, som øydelegg livet til den narkomane sjølv og dei som er rundt han eller ho. Kor verdig kan ramma for ei slik handling verta? Mens me andre kan krevja eit verdig liv, skal dei som er nedst på rangstigen vere fornøyde med at dei øydelegg livet sitt innanfor verdige rammar. Det er framleis slik at dei fleste misbrukarane ynskjer å kome seg ut av den tragiske situasjonen dei er i. Dei har ein draum om eit verdig liv. Har me rett til å knusa draumen deira ved å etablera statlege sprøyterom? "
Arne Johannessen har rett i det meste, men tar feil på ett punkt: Regjeringa har foreslått ikke å ha helsepersonell i sprøyterommene, fordi dette vil kreve en endring av helsepersonell-loven. Lederen av Stortingets sosialkomite, John Alvheim har på Fremskrittspartiets nettsted skrevet at sprøyterom uten helsepersonell er livsfarlige. (Artikkelen finnes ikke lenger på Fremskrittspartiets nettsted, kommentar 30.4.2006.) Ut fra dette blir det for det første interessant å se hvordan regjeringa vil legge fram dette for Stortinget. Dersom den velger å holde fast på sitt opprinnelige forslag, er det ikke flertall for dette på Stortinget. Det blir da interessant å se om Fremskrittspartiet velger å stemme for et livsfarlig forslag, eller om det krever en ny runde med utredninger.