Dette har ført til at han ofte har kome fram til andre konklusjonar enn det s.k. "ekspertane" på området har gjort. Eg trur dei aller fleste av oss lærer mye nytt om EU og rusgiftpolitikk av å lese denne boka.

Boka er lettlese og pedagogisk lagt opp. Ho kan heilt greit brukast som ei oppslagsbok, men ein vil nok få best utbytte av ho ved å lese ho frå perm til perm. Språket er folkelig utan for månge pompøse framandord. Vidare er viktige stikkord og fakta satt av i margen gjennom heile boka. Boka stiller ingen krav til forkunnskap om emnet.

Det er ingen løyndom at boka er skrive av ein EU-motstandar. Dette bêr sjølsagt boka også preg av. Men boka har ikkje blitt ei salmebok kor kun "den store sanninga" kjem fram. Ho inneheld også intervju med kjende ja-folk som t.d. Carl Bildt (Sveriges statsminister) og Inge Lønning (Europabevegelsen i Norge), der dei får kome fram med sitt syn. Når dette er sagt står konklusjonen til KK der framleis like klår: "Trots sökandet har jag egentligen inte funnit några positiva drogpolitiska effekter av et EG-medlemsskap".

Du kan skaffe deg boka ved å kontakte Avholdsfolkets Landsnemnd, Møllergata 38, 0179 Oslo. Ho kostar kr. 200,-.

EG- Sverige/Norge och drogerna
Av Kenth Karlsson
Sider: 212
Utgjevar: Förbundet Mot Droger
Vårbäcksvägen 6E
42333 Torslanda
ISBN: 9 88000 06 0