I tillegg til musikk var det rusgiftpolitiske innslag. FMR flytte seinare til Møllergata 38. Radioen fekk nytt namn; Topp Radio, og hadde innreidd studio eit rom vi leigde frå vekeavisa Folket.

Seinare overtok FMR og Topp Radio dei tidlegare lokala til DNTU i første etasje. Her var det godt om plassen. Sendetida var 10 timar kvar veke. For å finansiere drifta vart delar av sendetida leigd ut til IOGT OSLO og Handballradioen, som overførte frå handballturneringar i Oslo-området. Radioen var for liten til at vi var interessante i reklamemarknaden.

Landsmøte 1978
Arild Nesdal har skrive om nærradioverksemd, men har vore aktiv i FMR i mange år. Her på talerstolen under landmøte på harladsheim i Oslo i 1978.

I sendetida for Topp Radio var det mykje musikk, men òg rusgiftpolitiske innslag. Det var mykje arbeid å lage slike innslag, og sendingane vart meir og meir musikk. Etter at P3 kom med sin musikkanal, fekk nærradioane større konkurranse.

Mest alt vi hadde av utstyr var kjøpt brukt og billig. Det var såleis ikkje store innkjøpskostnader. Men det var driftsutgifter: sendarleige, linjeleige, telefon, husleige og vederlag til TONO og GRAMO. Det som gjorde at Topp Radio til slutt måtte avvikle studioet, var vederlagskrava frå TONO, som låg opp mot 20% av det vi hadde i inntekter. Vi var gjennom ei rettssak med TONO vi tapte, òg i ankeomgangen. I tillegg auka vederlagskrava frå GRAMO, som krev inn vederlag for artistane. Husleiga auka òg i denne tida, då gården vart seld.

Topp Radio sender i jubileumsåret to timar kvar veke frå Radio Oslo sitt studio.

Arild Nesdal, 0584 Oslo