Mange meiner vi treng å endre haldningane våre til alkohol. Men kva slag haldningar skal vi ha? Skal vi satse på å bli måtehaldne gjennomsnittsbrukarar av alkohol, eller skal vi bli alkoholmotstandarar og fråhaldsfolk? Dette tar ikkje dei offentlege haldningskampanjane stilling til. Dei oppmodar oss til å "halde måten", "drikke mindre", "ikkje drikke alkohol i kritiske situasjonar" o.l. Alt dette er vel og bra. Men kvifor er det så få som peikar på at det er mogleg konsekvent å la vere å bruke alkohol? "Stump røyken", heiter det. Kvifor ikkje "Dropp drinken"? I denne brosjyren går vi gjennom kva det personlege standpunktet til alkohol har å seie.

Kor mykje er alkoholen verd?

Mange kritiserer norske drikkeskikkar. Dei er "barbariske", vert det hevda. Men dette er ikkje heile sanninga. Gjennomsnittleg ligg vi nesten lågast på verdsstatistikken når det gjeld alkoholbruk. Det er naturleg for nordmenn å vere edrue dei fleste dagane i året. Berre ved svært sjeldne høve er det vanleg å drikke alkohol. Slik sett er dei fleste av oss levande døme på at alkohol ikkje er ein naudsynt del av tilværet. Men av og til drikk ein del nordmenn mykje alkohol. Føremålet er å oppleve ein kjemisk rus. Ved slik alkoholpåverknad vert konsentrasjons- og vurderingsevna svekka, samstundes som mange får lyst til å seie og gjere ting som ein ikkje ville ha gjort om ein var edru. I denne tilstanden blomstrar ikkje berre selskapsløvene, vitseforteljarane, dei skjulte operastjernene og dansefantoma, men og kranglarane, slåstkjempene, kvinnemishandlarane og promillekøyrarane dukkar opp. Det ser ut til at dei positive og negative sidene ved alkoholkulturen heng saman. Ein kan ikkje få det eine utan å få det andre. Det blir difor ei vurdering ein må gjere: Er dei positive sidene ved alkoholkulturen så mykje verd at ein og er villig til å akseptere dei negative? Og dersom vi ønskjer dei positive effektane som ein brukar alkohol for å oppnå, finst det andre måtar å oppnå desse på enn gjennom alkoholbruk?

"Dersom alle var like måtehaldne som eg, ville problemet ha vore løyst."

Ei slik haldning er vanleg. Når nokon skal kritisere dei norske alkoholhaldningane, er det alltid "dei andre" sine haldningar som vert kritiserte, ikkje eins eigne. Men for det første hender det for dei fleste alkoholbrukarar at deira måtehaldne alkoholbruk likevel får dei opp i leie eller farlege situasjonar. Faktisk viser undersøkingar at sjølv om måtehaldne alkoholbrukarar har låg risiko for å råke bort i ulukke eller skade på grunn av sin alkoholbruk, rekrutterer likevel dette store fleirtalet av normalbrukarar ein ikkje så liten del av slagsmål som kjem av alkohol, akutte helseskadar og andre negative alkoholrelaterte verknader. For det andre hender det for mange måtehaldsbrukarar at alkoholforbruket av og til ikkje blir så "måtehalde" som ein hadde tenkt seg på førehand. For det tredje er måtehaldsideologien noko ein ofte grip til når ein kritiserer alkoholbruken, t.d. russefylla og alkoholbruk saman med born. Men føremålet med ein del former for alkoholbruk er ikkje måtehald - men fyll. Det er på ein måte slik at ein godtek og legg til grunn at fyll er ein del av kulturen. Vi har alt nemnt russetida, men dimmefestar, utdrikkingslag, ølstafettar o.l. er uttrykk for det same. Vi held oss med ein dobbeltmoral der vi sver til måtehald, men aksepterer fyll.

I tillegg er det om lag 200 000 nordmenn som har eit alkoholforbruk på over 20 liter rein alkohol i året. Desse personane drikk aleine opp om lag halvparten av den alkoholen som vert konsumert i landet. Det ligg nær å tru at dei fleste av desse har eit alkoholproblem og er så avhengige at dette ikkje kan endrast gjennom haldningskampanjar og moralske peikefingrar. Men dei fleste storforbrukarane har gått gjennom ei gradvis utvikling av alkoholproblema sine, innanfor ein vanleg drikkekultur. Alkoholvanane til fleirtalet utgjer den ramma som alkoholproblemet til mindretalet utviklar seg innanfor. Alle menneske påverkar andre med åtferda si. Den som drikk alkohol, påverkar andre til å drikke. Den som ikkje drikk, påverkar andre til å la vere eller til å drikke mindre. Vi må difor gjere opp med oss sjølve kva for type påverkingssignal vi ønskjer å sende ut.

Totalforbruket avgjer kor høgt skadenivået skal bli

Alkoholforsking frå fleire land viser at når alkoholforbruket i eit land aukar til det doble, aukar talet på storforbrukarar til det firedoble. Denne samanhengen kjem av at det ikkje berre er storforbrukarane som aukar forbruket sitt, men at det skjer ein auke i alle brukargruppene samstundes. Når alkoholforbruket er langt høgare i dag enn i førsten av 50-talet, vil dette seie at alkoholbruk er blitt meir vanleg i alle forbruksgrupper, og at talet på fråhaldsfolk er lågare. Kaffekoppen er bytt ut med vinglaset når det kjem gjester. Ein pjolter framfor TV'n er blitt vanlegare i dei vaksne si verd. Når ein inviterer til fest, blir det samstundes sagt at gjestene må ha med seg drikkevarer sjølve. Dette gjeld i såvel ungdsomsmiljø som blant vaksne. I dei fleste andre land ville dette ha blitt sett på som ein merkeleg skikk.

I norsk offentleg alkoholpolitikk er det sett som mål at alkoholforbruket skal reduserast. Det har og skjedd ein viss nedgang i alkoholforbruket frå om lag 1980 og utover, sjølv om vi veit at det og er eit uregistrert forbruk i form av heimeproduksjon, smugling og reiseimport frå utlandet. Mykje av nedgangen kjem av ein aktiv prispolitikk og vanskelege økonomiske konjunkturar på slutten av 80-talet og framover. Men nedgangen er langt frå nok til å få alkoholskadane under kontroll. Tvert i mot vil lesaren sjølv kunne nemne døme frå nærmiljøet både på avhengnad, fyll, vald og andre uønskte

alkoholrelaterte skadar. Dersom det nye tilhøvet vårt til Europa fører til at prisane på alkohol går ned og den tradisjonelle kontrollpolitikken vert svekt, kan vi sitje på ei tidsinnstilt alkoholbombe. Dette krev av oss at vi tenkjer gjennom kva vi kan gjere for å forebyggje alkoholskadar, og kva for tilhøve vi sjølv ønskjer å ha til alkohol.

Måtehaldsbruk inneber akseptering av alkohol

Vi menneske er flokkvesen. Alle påverkar vi kvarandre med det vi gjer. Den som brukar alkohol, påverkar andre til å gjere det same. Berre tenk på skålskikkane, og all den positive omtalen av alkohol også når ein ikkje drikk. Det gir status å uttale seg med kjennarmine om ulike vinsortar, å kunne by på dyre merke frå den siste utanlandsturen eller i nokre miljø rett og slett å skryte av kor full ein har vore.

Same korleis ein som måtehaldsperson ter seg i høve til alkohol, er ein med på å skape inntrykk av at alkohol høyrer med eller er akseptabelt i mange samanhengar. Sjølv om ein korkje opptrer som vinkjennar eller skryter av kor full ein har vore, vil ein ved å bruke alkohol og halde fram sin eigen alkoholbruk som måtehalden og forsvarleg, vere med på å sende ut aksepterande signal til omgjevnaden. Det er få område der eksemplets makt er så tydeleg. Dei vellukka måtehaldsfolka er god reklame for alkoholen. Dei vil alle likne. Alkoholofra, dei som spyr i rennesteinen, dei er det få som vil likne. Dei er dårleg reklame for alkoholen. Det er såleis dei måtehaldne som er med på å vidareføre dei positive haldningane til alkohol og er døme på at alkohol kan nyttast "forsvarleg" og med måte. På individplan er det rett at dei fleste kan bruke alkohol i kontrollerte former. På samfunnsplan er dette løgn. Det finst ikkje noko samfunn der alkohol kan brukast utan at dette og skapar negative konsekvensar.

Kva med den som ikkje bør, kan eller vil?

Det er mange grupper i vårt samfunn som absolutt ikkje bør, skal eller vil drikke alkohol. Dette gjeld til dømes ungdomsgenerasjonen, fordi risikoen for skadar er så mykje større i ungdomsåra enn seinare. Difor er det og 18 års aldersgrense for kjøp av vin og 20 års grense for brennevin. Men ungdommen drikk likevel alkohol, ofte i store mengder. Ofte kjem alkoholen frå barskapet eller heimebrentapparatet til far. Alkoholvanane til foreldregenerasjonen får her direkte noko å seie for at dei unge trer inn i alkoholbrukarane sine rekker, både ved å gjere alkohol tilgjengeleg og ved å framstå som døme på at alkoholbruk høyrer med til vaksenverda.

Det eksisterer og eit press i retning av å drikke i mange ungdomsmiljø. Kven vil seie nei når bestekameraten sender flaska rundt? Kven vil vere "prektig" når gjengen skal ha heime aleine-fest og "inngangsbilletten" er ein plastpose med øl. Naturlegvis er ikkje dette presset like sterkt i alle ungdomsmiljø, men ofte skal det både mot og viljestyrke til for å seie nei. Det verste er at drikkepresset er sterkt og i mange vaksenmiljø. Dersom ein ikkje er på penicillinkur, er gravid, køyrer bil eller ligg i hard idrettstrening, må ein ofte sitje og forklare kvifor ein ikkje drikk alkohol. Mange som freistar å gjere noko med at dei er avhengige av alkohol, opplever ofte dette presset som svært sterkt. Fagfolk seier at det er vanskeleg for folk med alkoholproblem å finne miljø som støttar dei som ønskjer å vere tørrlagde. Og kva med den gruppa menneske som på prinsipielt grunnlag har sagt nei til alkoholbruk? Merkelappar som "fanatikar", "moralist", "mørkemann" og "formyndar" ligg langt framme i medvitet i ein del alkoholbrukarmiljø. I ein slik situasjon er det faktisk ikkje så rart om dei fleste vel å ta i alle fall eitt glas, for å sleppe å stikke seg ut, for å sleppe presset og spørsmåla. Måtehaldskulturen er med andre ord med på å minske den delen av folket som ikkje brukar alkohol. Også den vegen får måtehaldstenkinga konsekvensar.

Er det nokon grunn til å bry seg om alkoholproblemet?

Mange vil sikkert spørje: Er det ikkje andre problem det er større grunn til å engasjere seg i enn alkoholproblemet? I ein periode med forureining, arbeidsløyse, internasjonal uro og rasisme, burde vi ikkje heller kaste kreftene inn på desse felta? Det skumle med alkoholen er at han vert brukt som fluktmiddel og tilpassingsmiddel også i høve til desse problema. Nokon snakkar om at ein drikk for å gløyme. I vår kultur vert alkohol nytta som ein måte å endre oppfatninga av røyndommen på, sjå verda i eit meir forsonleg lys enn det eigentleg er grunn til, eller for å halde ut denne røyndommen. Dersom folk flyktar, tilpassar seg eller "held ut" ved hjelp av alkoholen, blir mange og mindre

i stand til å gjere noko med dei problema vi opplever. Folk blir sløve. Denne sløvinga råkar mange fleire enn dei 200 000 alkoholavhengige med alvorlege problem. Dette, saman med dei mange alvorlege helseskadane som alkoholen påfører folk, alle dei økonomiske ressursane folk brukar på alkohol osv., utgjer ei sterk svekking av yteevna til folk på mange område. Framfor alt utgjer dei ei sterk svekking av evna og viljen til at fleire går saman for å arbeide med problema i staden for å kople av/flykte frå dei ved hjelp av alkohol. Folk blir passive. Denne passiviserande effekten gjer at det blir viktig å ta stilling til alkoholspørsmålet i dag: Måtehaldslinja har dominert i heile etterkrigstida. Ho har ført til ei alminneleggjering av alkoholbruk. Men ho har ikkje ført til nokon reduksjon i alkoholskadar. Vi bør kanskje byrje å sjå oss om etter eit alternativ til måtehaldslinja?

Kva har totalfråhaldslinja å seie?

Vi trur ikkje det vil vere mogleg å skape eit alkoholfritt samfunn. Likevel har det mykje å seie om det er mange eller få som sier konsekvent nei til alkoholbruk. Dei som ikkje drikk alkohol, påverkar alltid andre til å late vere, eller til å drikke mindre enn dei elles ville ha gjort. Det skal ikkje mange alkoholmotstandarar til i ei gruppe før også resten av gruppa drikk mykje mindre alkohol. Slik sett burde alle grupper av alkoholbrukarar skaffe seg eit par alkoholmotstandarar, som kan medverke til å halde alkoholbruken i gruppa under kontroll. Ikkje minst kan ein påverke haldningane til alkohol i sitt eige miljø ved å understreke og å stå fram som døme på at eit levesett utan alkohol er fullt ut mogleg og oppnåeleg for dei fleste. Rusgiftmotstandarar har opp gjennom åra bevist at ein alkoholfri livsstil har mange føremonar, både individuelt og for samfunnet. Vi vil hevde at dette er noko også mange andre bør tenkje på og følgje opp.

Er ikkje dette moralisme? Moralisme er å døme folk som har eit anna syn enn deg sjølv. Det er ikkje moralisme å hevde at fråhald er betre enn måtehald, meir enn det er moralisme å meine at det er betre å vere ikkje-røykjar enn å røykje. Vi som gir ut denne brosjyren er til kvar tid villige til å stå fram og argumentere for synet vårt, samstundes som vi aksepterer at andre kan ha andre synspunkt. Derimot er det moralisme å hevde at alle kan halde måten "berre dei tek seg saman". Folk kan ikkje velje fritt om dei vil misse kontrollen over alkoholforbruket sitt. Om du aksepterer alkoholen, slik måtehaldsfilosofien legg opp til, aksepterer du og samstundes at ein viss del av alkoholbrukarane får store individuelle alkoholproblem, og at fylla, valden, promillekøyringa osv. held fram. Det er moralisme å døme og ta avstand frå dei som har problem med at dei er avhengige, trass i at dei sant og visst er dårleg reklame for alkoholen. Dei har berre følgt det normale mønsteret i vår alkoholkultur, det mønsteret som måtehaldsbrukarar flest er ein del av.

Ved å konsekvent late vere å drikke alkohol bryt vi det drikkepresset som vi blir utsette for. Vi oppnår at det blir debatt om spørsmålet i det miljøet der vi ferdast, og at fleire byrjar å tenkje over saka. Ved å skape alkoholfrie miljø og gå foran med eit godt døme, kan vi vere med på å overtyde andre om at ein alkoholfri livsstil er naturleg og mogleg, og dermed gi andre lyst til å prøve sjølv.

Totalfråhald er og ein måte å vise solidaritet med alle alkoholskadde og alle dei som vi veit kjem til å bli det som ei følgje av det store drikkepresset i samfunnet.

Men framfor alt er totalfråhaldsstandpunktet ein konsekvens av at det ikkje er alkoholismen, men den måtehaldne sløvinga og følgjene av den som er hovudproblemet. Totalfråhald er ikkje berre ein effektiv kampmetode, men eit prinsippspørsmål: Skal du fullt og heilt velje rett side i dette spørsmålet, er totalfråhaldsstandpunktet noko for deg. Forbundet Mot Rusgift, som gir ut denne brosjyren, har som forbund valt side i dette spørmålet. Det er difor medlemmene i FMR ikkje brukar alkohol.

Individuelt totalfråhald er kanskje ikkje nok

Ein er ikkje "totalist" berre for sin eigen skuld, men fordi ein også meiner andre bør slå inn på same kurs. Ideen om totalfråhald må spreiast. Dette kan ikkje berre skje ved at ein sit på kvar sin privatfest med ein alkoholfri drink i neven og prøver å skli mest mogleg umerkt gjennom festen. For at ideen skal vinne fram, må kampen mot alkoholen organiserast. Vi må kjempe mot alkoholen i miljøet vårt, på skulen, i bu- og fritidsmiljøa. Vi må skipe rusgiftfrie miljø der det er mogleg å vere med utan å oppleve drikkepress. Til dette treng ein organisasjonar. Ein organisasjon kan setje deg i kontakt med andre som har same synet på alkohol som deg sjølv. Ein organisasjon kan hjelpe deg med informasjon, brosjyrar, skoleringstilbod, arrangement osb. Sjølv om vi er glade om du er samd med oss i synet vårt på alkohol, ville det ha vore enda betre dersom du kunne tenkje deg å delta i arbeidet, anten i Forbundet Mot Rusgift eller ein annan tilsvarande organisasjon. Du er velkomen til å melde deg inn og delta i arbeidet. Det er bruk for din innsats. Saman skal vi slå alkoholen tilbake.

Kamp mot all spreiing og bruk av alkohol!
Bryt med rusgiftkulturen - bryt drikkepresset!
Kjemp for rusgiftfrie miljø.