Hausten 1948 reiste eg til Oslo for å studere og kom straks med i Studentavholds-laget. Våren 1950 tok eg på meg vervet som studieleiar i NSUA. Han som hadde vervet, Håvard Skre som studerte medisin, skulle fullføre studiet i Bergen. (Eg fekk elles innføring i arbeidet av Arne Midtbø som også hadde vore studieleiar i NSUA)
Hausten 1950 flytte eg attende til Bergen og hadde alt fått med meg eit nytt NSUA-verv. Det var slik at NSUA hadde eit Vestlands-distrikt med eige styre, og der var eg med. Formann var Håvard Skre (Eg fungerte medan han hadde studieopp-hald i København) . Elles var Reidar Bjørkaas og ektefellen hans, Oddlaug, med i styret. Ei drivkraft i NSUA-arbeidet på Vestlandet var Einar Skaar, som tok initiativ til å lodde ut ein båt - plassert på Fisketorget i Bergen - for å styrke økonomien. I Bergen var det eit studentfråhaldslag, Mimer, og eg var aktivt med der.
Sommaren 1952 var eg ferdig med militærtenesta, og eg fekk spørsmål om å overta formannsvervet i NSUA etter Erik Himle. Erik var nettopp blitt byråsjef i Forsvarsdepartementet - 28 år gammal - og måtte bruke heile sin (store) kapasitet i den nye, viktige posisjonen han hadde fått. Eg skal nedafor nemne noe av det styret hadde føre seg av aktivitetar:
Våren 1953 sa riksinstruktøren, Bjørn Stigum, frå at han ønskte seg arbeid som lektor i Oslo-skolen. Bjørn hadde uvanleg gode føresetnader for arbeidet som riksinstruktør, og hadde gjort ein stor innsats for NSUA. Det var likevel rimeleg at han som familiemann gjerne ville slå seg til ro i eigen heim i Oslo, og at han ville nytte sine faglege kunnskapar i lektor-yrket. Tanken kom opp om at eg skulle melde meg som søkjar til riksinstruktør-stillingen, og at Bjørn eventuelt kunne ta over som formann. Da NSUA hadde landsmøte i 1953, på Ringerike folkehøgskule, Hønefoss, tilsette styret meg som riksinstruktør, og landsmøtet valde Bjørn Stigum til formann.
Etter to år som riksinstruktør fann eg ut at eg måtte fullføre mi utdanning som jurist, og eg slutta i stillingen sommaren 1955. Eg sluttførde utdanninga. Yrkeskarriere og familieliv tok tid og krefter. Min aktive periode i NSUA var over.
Frå først i 1960-åra kom eg med i styret i Folket - først som varamann, så som fullt medlem og ein del år som formann. Eg trur det var Liv Hatland som sto bak dette - og kanskje Øystein Søraa - og eg oppfatta meg som representant for NSUA/FMR.
Korleis opplevde eg miljøet i NSUA i desse fjerne år? Det er i grunnen ikkje så mykje eg hugsar frå dei enkelte møte - dei ligg jo også eit halvt århundre tilbake i tid. Men eg sit igjen med eit positivt inntrykk. Frå møta i Varde hugsar eg lite, men laget var sterkt nok til å ha ein sikker plass i skulemiljøet. Frå mine første år i Studentavholdslaget hugsar eg to møte - eitt med Johan Hvidsten om Tilrådinga frå Edruelighetskomiteen av 1947, og eitt med Øystein Søraa som snakka entusiastisk om studiearbeid. Hvidsten gjorde inntrykk som personlegdom, men eg hugsar ingenting av foredraget. Men meir enn konkrete møteprogram hugsar eg enkeltpersonar som gjorde varig inntrykk.
Etterkrigstida var prega av atterreising og nyreising. Mange av dei som fekk leiarskapen i samfunnsarbeid og organi-sasjonsliv, hadde personleg erfaring frå motstandsarbeid og fangenskap. Dette galdt også dei som sto i spissen da NSUA skulle rekonstruerast etter krigen, Dagfinn Mannsåker, Hallvard Magerøy, Kåre Grytli, Bjørn Stigum, Inger Sollid og andre. Av generasjonen frå mellomkrigsperioden hadde vi kontakt med advokat Trygve Laake, sokneprest Olav Skarstein og først og fremst Olav Sundet. Med sine store kunnskapar, eineståande eigenskapar som kåsør og foredraghaldar og si sterke ideologiske forankring, gjorde han heile sitt liv ein stor innsats for NSUA og for fråhaldsrørsla i det heile. Frå tid til annan hadde vi kontakt med «den eldre garde», spesielt ved jubileumstilstellingar. Eg hugsar ei samkome som NSUA - eller kanskje det var Studentavholdslaget? - fekk i stand, på Stratos, med Thor Bjarne Bore som vert. Det var slik at fire framsåande NSUA-folk var 50-års-jubilantar som akademikarar: Biskop Karl Marthinussen, Tove Mohr (ektefellen Otto Lous Mohr var også med på festen), rådmann Ørnulf Halmrast i Bærum og Bjarne Rognlien (trur eg). Dette må ha vore i 1959.
50-års-jubileet i 1954 var ei fin markering av det NSUA hadde stått for i det akademiske liv. Først var det festmøte i Universitets Aula med tale - av høg kvalitet - av biskop Karl Marthinussen. Så var det festmiddag i restaurant Grotten, elegant leia av forbundsformann Bjørn Stigum. To tidlegare universitetsrektorar, Didrik Arup Seip og Otto Lous Mohr, begge NSUA-medlemer, var til stades. Rektor Frede Castberg representerte Universitetet i Oslo, Lars Ramndal Avholdsfolkets Landsnemnd og Kjell Bondevik Stortingets avholdsgruppe. Johan Scharffenberg heldt tale ved bordseta.
For oss NSUA-folk sto Johan Scharffenberg i ei serstilling. Alt frå før NSUA vart skipa, hadde han uredd og logisk forfekta totalavhaldsideen. Under krigen vart han ein nasjonal høvdig i åndskampen. Eit høgdepunkt i mitt NSUA-liv var landsmøtet i 1953 da Johan Scharffenberg heldt landsmøtetalen.
Landsmøta var i det heile viktige når det galdt utviklinga i NSUA-miljøet og for den kultur organisasjonen sto for.
La meg og nemne det gode miljøet eg opplevde i studentfråhaldslaget Mimer. Det var gode møte og fjelltur til ei hytte ein Bergen-losje hadde på Fløyen. Filologi-studentane Ingvar Bjåstad, Lars Holmås og Lars Vassenden var aktive i dette miljøet. Og Einar Skaar. Eg hadde også kontakt med mitt første NSUA-lag, Varde, i denne perioden. Kva for saker arbeidde eg med som tillitsvald? Viktigaste arbeidsoppgava for studieleiaren i NSUA var å skipe til «kunnskapsprøva i alkoholspørsmålet», ikkje å forveksle med «prøva i samtidsorientering», jfr. nedafor. Kunnskapsprøva var baserte på arbeid i studiesirklar i fråhaldsrørsla og ved skular, spesielt folkehøgskular. Kunnskapsprøva som arbeidsoppgave var etablert før mi tid. Arent Midtbø sto sentralt i arbeidet. Eg trur han laga oppgavene og var sensor.
I mi tid som studieleiar var eg ein tur til NSUA-laget «Heidsær» ved Eidsvoll landsgymnas. Eg heldt foredrag på lagsmøtet. Det eg huskar best frå turen, er kor triveleg det var heime hos lektor Harald Goksøyr og fru Aslaug.
Ei stor arbeidsoppgave i mi formannstid i NSUA var å gjennomføre «Prøva i samtids-orientering». Denne tevlinga for skuleungdom var visst arrangert for første gang i 1951. Skuleungdom på tusenvis i ymse skuleslag var med på prøva. Ho skapte vel goodwill for organisasjonen, men hadde neppe serleg å seie for medlemstilgang og lagsaktivitet.
Arbeidet «ute i felten» - i våre lag og i skulane var først og fremst riksinstruktøren si sak. Samarbeidet mellom han og styret var sers godt. Elles tok styret seg av vanlege saker som høyrer organisasjonslivet til. Eit serleg nært samarbeid hadde eg med Kristian M. Kristiansen som sto føre det administrative arbeidet. Kristian hadde stor sans for økonomi. Han hadde feriejobb på eit tivoli og såg at her var det pengar å tene også for NSUA. Han fekk til ein avtale med tivolieigar Lund. Kristian og eg gjekk opp til Sigurd Halvorsen som var formann i parkutvalget, og fekk det nødvendige løyvet. Det vart pengar av dette.
Jostein Kallset kom inn som eit aktivt medlem i miljøet på denne tida. Fritz Rognsvaag ivra for alkoholfrie festdrikker, og det vart grunnlagt eit firma , AFAS , til å ta seg av dette. Vi var vel for tidleg ute. Etter ei tid vart firmaet avvikla.
Arbeidet som riksinstruktør stilte meg over andre slag utfordringar enn vervet som formann. Eg er slett ikkje sikker på at eg hadde gode nok kvalifikasjonar for arbeidet. Det aller meste av løna kom frå staten. Det var da også meininga at riksinstruktøren skulle utføra eit omfattande opplysningsarbeid i skular, høvelege institusjonar (f. eks. i Forsvaret) og i organi-sasjonslivet. Arbeidet for og i eigen organisasjon skulle ikkje vere ein hovudfunksjon. I alle fall oppfatta eg det slik. Når det gjeld arbeidet utafor eigen organisasjon - mest typisk skular - hadde eg av og til inntrykk av å lykkas bra, stundom brukbart og noen gonger mindre vellykka. Virkninga av dette arbeidet, i forhold til det som var målet, er det uråd å seie noe om. Frå arbeidet i eigen organisasjon - i eigne lag - har eg gode minne om enkelte møte - for eksempel eit diskusjonsmøte som laget vårt på Hamar lærarskole skipa til. I andre tilfelle makta eg ikkje å inspirere medlemmene våre. Eg har vel sjøl ei kjensle av at NSUA hadde mindre nytte av mitt arbeid enn ein kunne ha vona. Eg vil nemne at NSUA og Norsk Læraravhaldslag hadde riksinstruktør på deling - med 2/3 delar på NSUA og 1/3 på NLA. Eg arbeidde såleis også for NLA. Den organisa-sjonen burde avgjort hatt ein pedagog som instruktør. Eg var ikkje kvalifisert i den samanhengen, men det er ei anna historie.
Mot slutten av min aktive periode i NSUA - kanskje i instruktørperioden? - vart eg kjend med nye som etter kvart skulle føre arbeidet vidare: Arne Sørli, Thor Bjarne Bore, Liv Hatland.
Eg trur at medlemskapet i NSUA, miljøet og mitt arbeid der har hatt ikkje lite å seie for mitt samfunnsengasjement og mitt yrkesliv utafor NSUA. Enda meir gjeld dette mitt personlege liv. Livsvarige vennskap vart grunnlagt. Og - indirekte - har NSUA gitt meg det som har hatt aller størst verdi i mitt liv: Ektefellen. Det var Kristian (M. Kristiansen) som masa på meg at eg skulle gå på ungdomsleiarkurs - og representere NSUA - i Ørsta sommaren 1950. Og no har vi feira gullbryllaup, Kari og eg.
Sigurd Birkelund, 1412 Sofiemyr