Alle dei unge representantane går tverrpolutisk imot å utvide skjenketida ved skjenkestadene i kommunen, men dei noko tilårskomne representantane opptrer litt meir liberalt.
- Dei gamle i kommunestyret seier at folk må få drikke og at ein må ha tillit til folk, men me legg då ikkje restriksjonar på skjenkestadene for å plage nokon, tvert om for å førebyggje litt for dei me ikkje trur greier dette med alkohol, seier 19-åringen Line Vennesland, Ap.
Då det nyleg var oppe ein søknad frå Terrassen Pub om å få utvida skjenketida til kl. 03, greidde faktisk 19-åringen frå Arbeidarpartiet å få fleirtal i helse- og sosialstyret for eit framlegg om å avvise dette. Rådmannen ville utvide skjenkeløyvet for brennevin til kl. 03, men Line Vennesland stod fast på skjenking til kl. 12, og fekk altså fleirtal for dette, rett nok berre med 4 mot 3 røyster. Då saka kom til kommunestyret, vart det også fleirtal for framlegget frå Line Vennesland med 12 mot 9 røyster. Blant dei som støtta henne, var jamaldringane Anne May Andersen, SV og Kjell Ingolf Ropstad, KrF.

Rådmannen tok hintet. Han tykte ikkje at vedtaket samsvarte med dei nye alkoholpolitiske retningslinjene som det sitjande kommunestyret har vedtatt med 11 mot 10 røyster, og som opnar for skjenking til kl. 03. Difor kjem han no med framlegg om å justere ramma for skjenking til kl. 01, men heller ikkje det er dei restriktive ungdommane nøgde med. Dei vil stå på at det ikkje bør vere høve til å skjenke brennevin lengre enn til kl. 12 på skjenkestadene i kommunen, slik retningslinjene var før det noverande kommunestyret tok over.

-Det er oppmuntrande at unge politikarar frå fleire parti r i større grad enn gubbane ser ut til å forstå at alkohol ikkje er nokon ordinær vare, og at det gjeldå avgrense alkoholomsetnaden", seier nestleier i FMR, Kristin Sagberg, i ein kommentar.

Du kan lese om striden i Evje og Hornnes kommunestyre  i Agderposten.